Einebustad

Grunnarbeid for einebustad ved Leirvågen i Sula kommune. Utgraving av masser og transport til deponi, sprengning av fjell (utført av eksternt firma), uttak av steinmasser, samt pigging av fjell. Opparbeiding av berelag til garasjefundament, montering av drenering, grunnmursplast, isolasjon og tilbakefylling med drenerande masser. Oppbygging av berelag til hovudetasjen, samt montering av drenering og sandfang. Grovplanering og tilførsel av singel ved enkelte områder, samt gruslegging av parkeringsområde.

Elegant uteområde

 

Uteområde opparbeidd i godt samarbeid med kunde. Oppføring av natursteinsmurar med stein i frå Utvik og ein tanke om so symetriske murar som mogleg langs innkjørselen, samt ei naturleg avtrapping opp mot bolig. Avslutta med ei steinrekke langs bolig for å få eit fint skilje mellom grøntareal og gangareal. Grøntareale er planert med solda jord og skråningar er tildekte med fiberduk klasse 2 og singel i forskjellige fraksjonar. Asfalt er levert igjennom Urke Maskinservice AS og utført av vår gode samarbeidspartnar Veidekke. Ein smart måte å lage til eit mest mogleg vedlikeholdsfritt uteområde på.

Idyll

Ein fantastisk eigedom nærliggande sjøen ved Flisneset i Ålesund, som vi var så heldige å få opparbeide. Her har vi fått ganske fritt spelerom for utforming av område med natursteinsmurar, trapper og gangstiar. Oppfylling av område, lage vedlikeholdsfrie skråningar med pukk og toppdekke med ferdigplen som blei rulla ut. Eigaren blei svært fornøgd med resultatet og vi takka for tildelinga av prosjektet.

Planering, drenering og asfaltering ved Ellingsøya

Planering, drenering og isolering

Komplett utbedring av drenering på ein einebustad. Mur blei vaska og smurt inn med 2 lag Heydi K11 som forseglar grunnmuren. Grunnmursplast med kantlist og isolasjon på utsida montert. Separat dreneringssystem for taknedløp og grunnvatten, med spylepunkt for begge anlegg. Fiberduk klasse 2 i mellom eksisterande massar og ny drenerande 16/32 mm singel som tilført inn mot grunnmur.
Utskifting av massar ved parkeringsområde, planering og valsekomprimering med 1-2% fall i ønska retningar for å unngå overflatevatten. Asfalt levert av vår samarbeidspartnar Veidekke.